Barna er håpet i Etiopia

Endeleg er det slutt på krigen i Etiopia. Fredsavtalen er underskriven og FN-observatørane er på plass. Men landet vaknar no opp til eit nytt mareritt, eit mareritt som har fått vekse seg stort i skuggen av krigen: Nesten 1 million barn er utan foreldre på grunn av AIDS.
Redd Barna er tungt tilstades i Etiopia, og arbeidet mot HIV og AIDS er noko av det viktigaste organisasjonen gjer i landet. Berre i v?r er seks nye Redd Barna-prosjekt mot HIV/AIDS sett i gong, og fleire vil kome. Nesten alle prosjekt har dessutan HIV-kampen som ein av fleire komponentar. For barna er framtida, ogs? der AIDS-epidemien herjar.

Skjult problem
- Det er vanskeleg ? seie at AIDS er eit st?rre problem i Etiopia enn andre stader i Afrika, men det kjennest likevel slik. Det seier Berit Knudsen, som er Redd Barna sin reionalkoordinator for programarbeidet i Sentral og aust-Afrika. Ho fortel at problema rundt HIV og AIDS til no i stor grad har vore skjult i Etiopia. Styresmaktene har konsentrert seg om krigen med Eritrea, og offentlege budsjett, ikkje minst helsemidlane, har g?tt med i denne konflikten. No er Etiopia, i f?lge ferske tal fr? FN, det landet i Afrika med flest HIV-smitta menneske.

- AIDS har vore noko ein ikkje snakkar om i Etiopia. No m? ein snakke om det. Nesten ein million barn har mista foreldra sine i epidemien. Problemet s? stort at det ikkje lenger let seg skjule, seier Knudsen.

Undervisning er n?kkelen
Mangelen p? kunnskap og informasjon er no den st?rste utfordringa i kampen mot HIV/AIDS i Etiopia, og s?rleg p? landsbygda. Overtru og frykt g?r hand i hand i dette tomrommet. Den strenge muslimske og kristen-ortodokse kulturen gjer det ogs? sv?rt vanskeleg ? snakke om seksualitet. Mange ser p? AIDS som ei straff fr? Gud, med den stigmatiseringa dette medf?rer for alle som blir smitta. Det er ogs? ei vanleg oppfatning at viruset smittar gjennom handtrykk, men at alkohol, derimot, er eit godt vern mot HIV-smitte.

Informasjon om HIV/AIDS, prevensjon, korleis viruset smittar og kva ein kan gjere for ? verne seg mot HIV er derfor ei av dei viktigaste oppg?vene for Redd Barna. Like viktig er det ? p?verke til ansvarlege haldningar til seksuell praksis. Oppl?ring av l?rarar og undervisning i skulen er dermed sentrale oppg?ver.

Gatebarn g?r ikkje p? skulen
Men ikkje alle g?r p? skule. I utkanten av hovudstaden Addis Abeba st?ttar Redd Barna eit prosjekt i bydelen Woreda 23. Prosjektet skal n? fleire tusen barn utanfor skulen. I denne bydelen g?r ein ut fr? at 90% skaffar inntektene sine gjennom tigging. F? av desse f?r skulegong, og mange lever p? gata. Informasjon om prevensjon og HIV-faren m? derfor foreg? p? gata, der barn og unge held til.

Redd Barna st?ttar ogs? fleire prosjekt som skal n? ut til gatebarn i Addis Abeba. I denne byen ?leine lever n?r 40 000 barn p? gata. I tillegg til mobile informasjonsopplegg p? gateplan, oppretter Redd Barna eit senter for ? beskytte gatebarn og gatem?dre mot alle former for utnytting og overgrep.

Ogs? utanfor hovudstaden er behovet for utdanning stort. I Gonder-fylket, nordvest i Etiopia, har Redd Barna store samarbeidsprosjekt med lokale styresmakter om b?de formell og uformell utdanning. Eit eksempel er grunnutdanning i Alefa Takusa, prosjektet som det komande kronprinssparet har valt ? st?tte gjennom folkeg?va til bryllaupet sitt. Her er ogs? informasjon om HIV/AIDS ein viktig del av arbeidet.