Turisme som pressmiddel i Jerusalem

Israel prøver å drive palestinarane ut av Jerusalem ved å gjere levevilkåra deira stadig vanskelegare. Israelske busettingar i Aust-Jerusalem ekspanderer. 195 palestinarar har fått heimane sine øydelagd av det israelske militæret sålangt i 2019 og kvart år vert mange titals palestinarar fråtekne opphaldsløyvet sitt i byen.

Eit verkemiddel som ikkje vert nemnd så ofte er TURISME.

Fleire enn 2,6 millionar turistar besøkte Jerusalem i 2016. Berre 20 % av dei budde på hotell i den austlege delen av byen. Politisk gjer dette at turistane ikkje vert kjend med det palestinske narrativet. Dei verken ser eller høyrer om okkupasjonen eller om den israelske fordrivingspolitikken mot palestinarane i Jerusalem. Økonomisk gjer dette at turistane ikkje legg att pengar i palestinske forretningar i byen. Slik støttar - gjerne uvitande - den israelske planen om å kvele palestinsk økonomi i byen.

Korleis dette skjer dokumenterer grasrotorganisasjonen Grassroots Al-Quds i deira nye oppdaterte reiseguide Wujood (les meir lengre nede).

Vi har invitert Fayrouz Sharqawi frå Grassroots al-Quds til å fortelle om den politiske realiteten for palestinarar som bur i Jerusalem og om korleis Israel brukar turisme for å prøve å fjerne det palestinske narrativet om byen.

Arrangementet er på engelsk. Alle er hjarteleg velkomne, men vi ber om påmelding i forkant: https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSeRGvqC1TgcsU7NsQeHLFZP8PWv7gl-4NYIAmcnWQ_DPdRWjQ/viewform?vc=0&c=0&w=1

Start: 2019.09.19 08:00
Arrangør: Fellesutvalget for Palestina, Norsk Folkehjelp og Fagforbundet